Til hovedinnhold

Likelønn

Illustrasjon: Trude Tjensvold

Illustrasjon: Trude Tjensvold

Arbeidstakarorganisasjonane må stå saman i arbeidet med å fylgje opp forslaga frå Likelønnskommisjonen, skriv leiar i Utdanningsforbundet, Helga Hjetland.

15.11.2008 av Helga Hjetland
Sist oppdatert: 20.02.2009

Utgreiinga frå Likelønnskommisjonen har vore på høyring. Dette er ei viktig sak for likestillingsarbeidet og for kvinner si deltaking og rolle i arbeidslivet.  Omfanget av kommisjonen si utgreiing og sprikande høyringssvar frå ulike partar viser og at det er eit komplisert saksfelt som gjeld mange interesser og politikkområde. Likevel trur eg det er mykje arbeidstakarorganisasjonane kan stå saman om i arbeidet med å fylgje opp forslaga frå kommisjonen.

Når kvinner får mindre betalt enn menn, har det mange årsaker og ikkje alle er knytt til korleis arbeidslivet og forhandlingssystema verkar.  Dei skal eg la ligge her. Diskrimineringa av kvinner startar ofte ved tilsetting. Kvinners kompetanse og erfaring  blir systematisk lågare vurdert enn menns. Resultatet er at kvinner gjennomgåande er plassert i lågare og dårlegare betalte stillingar enn menn med tilsvarande kompetanse.  Slike former for diskriminering av kvinner kan ein som regel berre kome til livs ved at tillitsvalde gjer ein god jobb i tilsettingsprosessar og i lokale lønnsforhandlingar.

Det blir meir komplisert når lønnsdiskrimineringa er innebygd i organiseringa av tariffområde og den kjønnsdelte arbeidsmarknaden. Kvinner søkjer seg i større grad enn menn til offentleg sektor der lønnsnivået gjennomgåande er lågare enn i privat sektor.  Det handlar om at fleirtalet av kvinner ønskjer å arbeide direkte med menneske innanfor sosial-, helse- og utdanningsområdet. I dei nordiske landa er desse tenestene stort sett plassert i offentleg sektor, og vi har heldigvis små innslag av privat drift.

Difor er det mange som har tatt til orde for at det viktigaste likelønnstiltaket er å få kvinner til å gjere meir utradisjonelle val av utdanning og yrke. I så fall må vi vel også få menn til å velje meir utradisjonelt. Å endre slike utdannings- og yrkesval er komplisert og det tar lang tid. Ein viktig føresetnad for slik endring er at lønna i dei yrka som i dag er dominert av kvinner, må hevast kraftig for at også menn skal velje dei. Altså må lønna i kvinnedominerte yrke hevast før vi kan få til ein mindre kjønnsdelt arbeidsmarknad enn vi har i dag.Dessutan er det i dei kvinnedominerte yrka i offentleg sektor ein vil trenge  fleire hender i tida som kjem. Då er det ein dårleg strategi å prøve å styre kvinnene vekk frå desse yrka.

Dei store lønnsforskjellane mellom privat og offentleg sektor må med andre ord reduserast dersom vi skal få bukt med lønnsdiskrimineringa av kvinnene. Dei yrka der kvinnene dominerer, må verdsettast høgre av styresmakter og arbeidsgjevarar.

Men lønnsforskjellane mellom privat og offentleg sektor er ikkje like stor for alle grupper. Likelønnskommisjonen har dokumentert at forskjellane er størst for dei som arbeider i yrke der det krevst høgre utdanning. Det gjeld til dømes sosionomar, sjukepleiarar, førskulelærarar og lærarar.  Dersom rekrutteringa til desse yrka skulle svikte, vil det bety både dårlegare kvalitet i tenestene desse utfører og eit kraftig privatiseringspress. Det vil i sin tur kunne undergrave den nordiske samfunnsmodellen som gjennom den eine OECD-statistikken etter den andre blir framheva og rosa for gode resultat.

Trass i at Noreg er mellom dei landa i Europa med minst lønnsskilnader, har vi låglønnsproblem som må takast på alvor og løysast. Men desse problema må ikkje løysast ved å undergrave rekrutteringa til jobbar i offentleg sektor som krev høgre utdanning. Noreg ligg alt på botnen i Europa når det gjeld økonomisk avkasting av å ta høgre utdanning. Likelønnskommisjonens framlegg om ein særskild pott til utdanningsgruppene for å utjamne urettferdige lønnsskilnadar, fortener difor solidarisk støtte frå alle som er opptekne av ein god offentleg sektor.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?