Til hovedinnhold

Siste om Aleris-saken

beskrivende felt

beskrivende felt (Foto: Fagforbundet / Nils Fredrik Hansen)

Aleris har avtalt sal av omsorgsverksemda si til den svenske velferdsgiganten Ambea for 2,6 milliardar svenske kroner. Fleire lurer på kva dette betyr for søksmålet som 26 av Fagforbundets medlemmer har reist mot Aleris Ungplan & Boi.

16.10.2018 av Kjell-Erik Kallset
Sist oppdatert: 18.10.2018

Det korte svaret på dette er at salet ikkje har direkte konsekvensar for søksmålet frå våre medlemmer. Det betyr berre at selskapet vil få nye eigarar.

3000 medarbeidarar i Norge blir råka

Salet omfattar omsorgsverksemda som Aleris driv innanfor barnevern, personleg assistanse og psykisk omsorg i Sverige, Danmark og Norge. Totalt jobbar det 3.000 medarbeidarar i denne omsorgsverksemda i Norge, og 6.000 i alle landa. Salet omfattar ikkje helse- og sjukehustenestene, som Aleris skal drive vidare.

Kjøpet gjer Ambea til ein verkeleg gigant blant dei private velferdsselskapa her til lands. Derfor må også konkurransestyresmaktene godkjenne kjøpet før det kan gjennomførast.

Salet av Aleris er viktig for Fagforbundet av fleire grunnar:

  1. Det får ingen direkte konsekvensar for søksmålet frå medlemmene våre, men vi veit likevel ikkje om det kan få indirekte konsekvensar. Vi veit for eksempel ikkje om dei nye eigarane er meir villige til å inngå forlik i saka eller om dei vil handtere den annleis enn Aleris.
  2. Det er oppsiktsvekkande at eit privat omsorgsselskap, som lever av oppdrag frå kommunane, kan bli selt for 2,6 milliardar (svenske) kroner. Dette viser at det er svimlande beløp i den kommersielle velferdsbransjen, som hentar inntektene sine frå drift av offentlege velferdstenester. Ambea ser tydelegvis lyst på utsiktene til å hente profitt frå velferda også framover.
  3. Ambea, som frå før er ein stor aktør i den kommersielle velferdsbransjen, vil bli ein velferdsgigant. Det er djupt problematisk med ein så sterk eigarkonsentrasjon og at utanlandske konsern skal kunne hente ut pengar frå den offentlege velferda i Norge.

Dette er meint som litt kortfatta informasjon om utviklinga i saka. Vi vil komma med meir informasjon om søksmålet gjennom ulike kanalar framover.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?