Saman om eit betre fagskoletilbod

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner og Iren Mari Luther, leder Yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet. (Foto: Thomas K. Kleiven)

Fagforbundet står saman med Delta og Spekter om ein god fagskole. Kompetansereforma «Lære hele livet» skal sikre at arbeidstakarar skal kunne stå i jobb lenger og ikkje oppleve at kompetansen dei har går ut på dato. Partane i arbeidslivet er avgjerande for å lykkast med dette.

19.11.2018 av Tonje Thorbjørnsen
Sist oppdatert: 22.11.2018

Nyleg arrangerte dei konferansen «Kompetanse for fremtiden» i Oslo. Regjeringa var representert med kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

Tema for konferansen var fagskoleutdanning i spesialisthelsetenesta og konferansedeltakarane fekk presentert ei rekkje døme på korleis sjukehus i samarbeid med arbeidstakarane og fagskolar har klart å utvikle akkurat den kompetansen dei har behov for.

- Arbeidslivet endrar seg i rekordfart. Digitalisering og ny teknologi gjer at arbeidsoppgåver forsvinn og nye kjem til. Vi må lære heile livet og kunne kombinere jobb med utdanning. Og partane i arbeidslivet er avgjerande for at vi skal lykkast i dette arbeidet, sa kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) på fagskolekonferansen som Fagforbundet, Spekter og Delta arrangerte.

Han trekte fram regjeringa si nye kompetansereform «Lære hele livet» som skal sikre at arbeidstakarar skal kunne stå i jobb lenger og ikkje oppleve at kompetansen dei har går ut på dato.

Sanner lovde at regjeringa framleis skal satse på utvikling av fagskolane som eit særleg viktig verkemiddel med den nære koplinga mellom utdanning og arbeidsliv som er karakteristisk for fagskoleutdanning.

Administrerande direktør i Spekter Anne Kari Bratten peikte på at kompetansetryggheit blir viktigare enn stillingstryggheit:

- Når ei verksemd står i fare for å gå konkurs fordi det har kome nye digitale løysingar som gjer at marknaden er borte, er kompetanse viktigare enn retten til ei stilling som er i ferd med å forsvinne.

Dei med minst utdanning frå før må også få kompetanseløft

Bratten kom også med eit lite spark til arbeidstakarorganisasjonane om at ein ikkje kan forvente at arbeidsgivarane kan tilretteleggje stadig meir.

- Den enkelte har eit sjølvstendig ansvar for å halde seg oppdatert og utvikle seg i tråd med behov og krav.

Leiar av Yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet Iren Luther framheva at kompetansesporet er det einaste fornuftige for å få fleire i jobb og å utvikle arbeidslivet i tråd med forventningar og krav – ikkje minst i helsetenestene.

- Det er eit paradoks at det er dei med mest utdanning frå før som også får tilgang på etter- og vidareutdanning, seier Luther. 

Beskjedent karriereutbytte

Yrkesseksjonsleiaren trekte også fram kampen for heile og fulle stillingar i helsesektoren som avgjerande.

- Vi veit at di mindre stillingsbrøk folk jobbar, di mindre deltek ein i kompetansehevande tiltak. Det er ein fare både for kvaliteten på tenestene og for den enkelte arbeidstakar si tryggheit i jobben. Fagskoleutdanning har fått eit viktig løft gjennom no å vere klassifisert som høgre yrkesfagleg utdanning med tilhøyrande studiepoeng, seier Luther.

Men ei undersøking gjennomført for Fagforbundet av NIFU, viser at fagskoleutdanning verken er spesielt godt kjent eller anerkjent i helse- og omsorgstenestene eller i utdanningssystemet. Karriereutbyttet er også beskjedent sjølv om dei fleste får noko tillegg i løn.

Må opne for kvarandre sin kompetanse

Det som likevel er positivt er at dei som har tatt ei fagskoleutdanning meiner sjølve at dei har lært mykje og at utdanninga har bidratt til høgre kvalitet på arbeidet.

- Dette håpar vi å sjå ei endring på no. For når arbeidsgivarane har lagt til rette og arbeidstakarane har brukt ferier og kveldar, må kompetansen takast i bruk og verdsettast. Då må ein også ta oppgåvedeling på alvor og ikkje tru at alt må vere som før. Det handlar om kultur og haldningar til andre yrkesgrupper og om å være nysgjerrig og opne for kvarandre sin kompetanse, seier Luther.