Til hovedinnhold

Lausarbeidar ventar på dommen

- Rettssaka har vore interessant og slitsam. Eg har lært mykje og vorte langt meir bevisst på kor viktig fagforeiningar og arbeidslivspolitikk er, seier Kim Pilgaard, ein av saksøkarane i Aleris/Stendi-saka.

- Rettssaka har vore interessant og slitsam. Eg har lært mykje og vorte langt meir bevisst på kor viktig fagforeiningar og arbeidslivspolitikk er, seier Kim Pilgaard, ein av saksøkarane i Aleris/Stendi-saka. (Foto: Ida Karine Gullvik/Frifagbevegelse)

– Dette ville ikkje gått utan innsatsen frå Fagforbundet, seier Kim Pilgaard, etter den tøffe kampen mot Stendi (Aleris) i Oslo tingrett.

02.04.2019 av Kjell-Erik Nordenson Kallset
Sist oppdatert: 26.04.2019

Stemninga i Oslo tingrett var intens under sluttprosedyrene i slutten av mars. Advokat Kjetil Edvardsen samanfatta historiene til kvar enkelt av dei 24 saksøkarane, deriblant Kim Pilgaard.

– Felles for dei er at dei ikkje har kontraktstryggleik. Dei veit aldri om dei har jobb neste månad. Dei har ingen arbeidstidsreglar som dei er bundne av. Inga forsikring eller pensjonsordning. Ingen reglar som understøttar og tryggar familielivet. Dei har ikkje hatt tilgang til fagforeiningane som skal passe på oss i arbeidslivet, fordi dei har vorte definerte utanfor arbeidstakarbegrepet, sa Edvardsen.

Hundre år tilbake

Kjenslene sleit tydeleg i han da Edvardsen heldt fram, og viste til at retten har møtt 24 friske og sterke vaksne menneske som har fått helseplager på grunn av arbeidet sitt. For dei har det vore vanleg å jobbe 3-4 døgn i strekk utan høve til kvile eller søvn.

– Dette er den moderne arbeidarklassen, som blir behandla på ein måte som sett oss hundre år tilbake i tid. Det er nesten ikkje til å tru at vi i Norge i 2019 blir presenterte for arbeidsforhold som dette!

Ifølge advokaten har saka avdekt «grov, strukturell arbeidskriminalitet der profittjag trumfar ordentleg behandling av folk».

Med lua i handa

Omsorgsarbeidaren Kim Pilgaard ser det på same måten, og han kallar seg sjølv lausarbeidar.

– Det er mange parallellar til lausarbeidarane for meir enn hundre år sidan. Dei stod med lua i handa og venta på jobb på hamna eller hos nessekongen. Det er den same situasjonen vi står i. Vi står med lua i handa overfor milliardbedrifter, som er eigde av amerikanske superkapitalistar som ikkje betalar skatt i Norge, meiner han.

Pilgaard meiner at kjernen i Stendi-saka er at arbeidarane ikkje har hatt makt til å forhandle, og at selskapet har diktert lønns- og arbeidsvilkår. Han meiner Fagforbundet for seint vart klar over situasjonen til dei sjølvstendig næringsdrivande, men at forbundet da kom på banen «med eit brak».

– Det ville ikkje blitt noko rettssak utan Fagforbundet. Det seier seg sjølv at det ikkje er muleg for ein vanleg arbeidar å gå til rettssak mot ei milliardbedrift, slår han fast.

Han dreg særleg fram innsatsen til Trude Stavheim, rådgivaren ved Fagforbundets kompetansesenter for Austlandet.

Millionkrav

No skal domstolen avgjera om Stendi har brote lova ved å nytte Pilgaard og dei andre som sjølvstendig næringsdrivande, og ikkje fast tilsette. Dessutan skal retten ta stilling til kravet om etterbetaling av i snitt 1,3 millionar kroner per saksøkar, på grunn av manglande overtidsgodgjering og andre ytingar. Dommen kan skape presedens for mange hundre, kanskje fleire tusen, i den kommersielle velferdsbransjen. Det er venta at dommen kjem i august.

 

 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?