Til hovedinnhold

Fagforbundets Palestina-ambassadørar: Sendebod i fortviling og håp

Palestinsk beduin, Heyam Al Nawajah og htv Jorunn Mikkelsen fra Finnmark.

Palestinsk beduin, Heyam Al Nawajah og htv Jorunn Mikkelsen fra Finnmark. (Foto: Kjell-Erik Kallset)

Jorunn Mikkelsen er eit av Fagforbundets sendebod til Palestina. Ho bloggar og fortel om det fortvila livet til folk ho har møtt sjølv. Dei er okkuperte og trakasserte, men har ikkje gitt opp trua på framtida og fridommen.

24.01.2019 av Kjell-Erik N. Kallset
Sist oppdatert: 24.01.2019

Jorunn Mikkelsen står ved utkanten av Wadi Fukin. Den palestinske landsbyen med vel 1100 innbyggarar ligg ei knapp mil frå Betlehem. Framfor Mikkelsen står småbrukaren Maher Suker, og der ligg også jorda der han dyrkar oliven og grønsaker. Landbrukslandet er temmeleg frodig, iallfall så lenge israelarane let palestinarane nytte vatnet som dei har brukt i generasjonar.

Busettarbyen

Bak ryggen til Mikkelsen ligg ei såkalla israelsk busetting som snart fyller heile fjelltoppen ovanfor dalen vi står i. Busettinga Beitar Illit vart etablert så seint som i 1985 av religiøse sionistar. No har busettinga vorte ein by med over 50 000 israelske innbyggarar, langt inne på palestinsk område på Vestbreidda. Heisekranene ved utkanten av Beitar Illit vitnar om at dette er ei av dei raskast veksande busettingane i Palestina. Her okkuperer israelarane palestinsk land, murstein for murstein, hus for hus. Det er dette FN meiner er ulovleg og som FN-folk kallar «snik-anneksjon», eller «creeping annexation».


Kjell-Erik Kallset

Nye israelske bosettinger popper opp på palestinske jord. Foto: Kjell-Erik kallset

Sendebodet

Finnmarkingen Jorunn Mikkelsen er sendebod frå medlemmene til Fagforbundet. Ho er ein av fire tillitsvalde som er på reise som Palestina-ambassadørar. Jobben hennar er å samle inntrykk som ho skal formidle til medlemmene i Norge, samtidig som ho skal sjå nærmare på dei prosjekta og organisasjonane som Fagforbundet støttar gjennom Norsk Folkehjelp.

Denne dagen er ho på rundreise til bønder nær Betlehem, med organisasjonen ambassadørane kallar Fiskar- og småbrukarlaget, men som heiter UAWC (Union of Agricultural Work Comittees). Det er ei reise gjennom det som i Oslo-avtalen vart til «område C», den store delen av Vestbreidda der det bur palestinarar, men der Israel har all makt. I den førre landsbyen møtte ho ein eldre, kristen vindruebonde. Han var fortvila over at israelarane nekta alle søknadane hans om å få utvide det nokre-og-tjue kvadratmeter store huset som vart bygd mens tyrkarane styrte i Palestina, for hundre år sidan.

Dei vaksne sønene hans har flytta ut, fordi bonden får avslag på å bygge på eigen eigedom. Kvar einaste veke svevar israelske dronar over den vesle garden, for å ta bilde og passe på at det ikkje blir bygd her. Bygging er det berre lov til i dei moderne israelske busettarbyane, som veks nærmare vinrankane hans for kvar månad som går.

Krig med kloakk

– Busettinga skaper store problem for oss, seier bonden Maher Suker, tilbake i Wadi Fukin.

Fleire av grønsaksfelta og vasskjeldene i landsbyen er gjerda inne med piggtråd, fordi busettarar har gått til angrep og øydelagt dei i nattas mulm og mørke. For nokre år sidan sleppte den gigantiske busettinga ved ujamne mellomrom enorme mengder ureinsa kloakk rett ned i den palestinske landbruksjorda. Bøndene fekk hjelp av UAWC til å gå til rettssak i Israel mot byen, og dei vann faktisk fram. Ein viktig siger i ei endelaus rekke av nederlag.

 

Bonde Maher Suker forteller palestinaambassadørene om hvordan de giganstiske israelske bosettingene gjør livet som bonde vanskelig. Foto: Kjell-Erik kallset 

 

– Eg blir så forbanna, seier Skafti Helgason, romsdal-islendingen som også er Fagforbundet-ambassadør.

Jorunn Mikkelsen seier at møta med palestinarar har gjort sterkt inntrykk på henne.

– Det sterkaste var nok å sjå ungane i Hebron, der busettarar har okkupert store delar av gamlebyen, beskytta av israelske soldatar. Her er ungane stengt ute frå fleire gater, og dei kan risikere å bli skotne på eller arresterte. Når dei skal til skolen må dei passere kontrollar, piggtrådgjerde og israelske soldatar med skarpladde våpen. Dei risikerer å bli trakasserte av israelske soldatar og busettarar. Dette gatebildet deira gjorde sterkt inntrykk på meg, seier Mikkelsen.

Palestinsk stat

Heime att i Norge skriv Mikkelsen blogg om den fortvila situasjonen til palestinarane, og ho talar deira sak på fagforeiningsmøte.

– Eg har sett og opplevd at palestinarane nærmast er i ein håplaus situasjon. Eg vil vera eit sanningsvitne om at dei opplever trakassering av verste slag, seier Mikkelsen. Ho legg vekt på korleis den opp til åtte meter høge apartheid-muren, som palestinarane kallar han, gjer livet vanskeleg for palestinarane. I mange høve hindrar muren palestinarar å nytte eiga jord og vasskjelder, og muren gjer det vanskeleg å treffe slekt og venner.

FN og andre teiknar eit dystert bilde av situasjonen til palestinarane, men Jorunn Mikkelsen legg vekt på at palestinarane ikkje har gitt opp – at dei har håp.

– Vi i Fagforbundet må fortelle folk om skjebna til palestinarane og halde fram kampen for dei. Vi kan ikkje akseptere det Israel gjer. Eg syns det er ei skam at Norge ikkje har anerkjent Palestina som stat, slik Sverige og så mange andre land har gjort. Det må vera eit mål for Fagforbundet å få til, seier Palestina-ambassadøren frå Finnmark.

 

 

 

 

 

 

 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?