Til hovedinnhold

Fagforbundet støttar arbeidet for Moria-flyktningane med 100 000 kroner

Fagforbundets landsstyre meiner Norge må hjelpe fleire av flyktningane i Moria-leiaren, og løyver 100.000 kroner til arbeidet organisasjonen Dråpen i havet driv i Hellas.

11.09.2020 av Fråsegn frå Fagforbundets landsstyre, 10. september 2020
Sist oppdatert: 11.09.2020

Flyktningleiren Moria ligg i ruinar etter å ha vore i brann i fleire døgn. 13.000 flyktningar, barn og vaksne, har mista tak over hovudet og dei få tinga dei eig. Den humanitære situasjonen i leiren var prekær allereie før leiren brann ned. Dette er ei varsla katastrofe, og no må Europa ta ansvar. Greske styresmakter har akutt behov for praktisk og økonomisk hjelp for å handtere ein dramatisk situasjon der liv og helse står i fare.

Norge og andre europeiske land må ta sin del av ansvaret, både ved å ta i mot flyktningar, og ved å bistå greske styresmakter i arbeidet på Lesvos. Norske kommunar står klare til å ta imot flyktningar og gi barn og vaksne eit godt liv og ein god oppvekst.

 

I dagens situasjon er det frivillige og humanitære arbeidet som skjer på Lesvos avgjerande.

Fagforbundets landsstyre vil derfor støtte opp om arbeidet organisasjonen Dråpen i havet driv på Lesvos i Hellas. Fagforbundet vil også oppmode andre organisasjonar til å gi økonomisk støtte til det humanitære arbeidet på Lesvos.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?