Til hovedinnhold

Full samling om sykehusstreiken

Ute og viser støtte: landsstyret til Fagforbundet hadde streikemarkering utanfor Kongsberg sykehus.

Ute og viser støtte: landsstyret til Fagforbundet hadde streikemarkering utanfor Kongsberg sykehus. (Foto: Kjell-Erik Kallset)

Det var sterk samling om sjukehusstreiken da landsstyret i Fagforbundet hadde streikemarkering på Kongsberg. Sjølv sjukehusdirektøren møtte opp og klappa for Mette Nords streikeappell.

19.06.2019 av Kjell-Erik Kallset
Sist oppdatert: 20.06.2019

– Streikevåpenet er det kraftigaste verkemiddelet vi har. Vi brukar det først når alt anna er prøvd ut, og når saka er veldig viktig. Kampen for pensjon frå første krone, også for dei med små stillingar i sjukehusa, er ein slik kamp. Det er eit krav verdt å streike for, sa Mette Nord under streikemarkeringa ved Kongsberg sykehus onsdag.

Stortingsfleirtalet har svikta

Fagforbundets medlemmer ved sjukehuset i Buskerud fekk selskap frå heile landsstyret i Fagforbundet. Dei fremste tillitsvalde i forbundet er samla på Kongsberg. Streiken og den kommande valkampen er sentrale saker på møtet.

Mette Nord viste til at kravet om pensjon frå første krone er eit gammalt krav frå Fagforbundet og LO. Ho viste til at politikarane ikkje har gjort jobben sin.
– Stortinget behandla dette tidlegare i år, og dessverre stemte fleirtalet imot forslaget om at alle skal ha rett til pensjon. Likevel veit vi at dei som jobbar i kommunane har denne retten og at dei har hatt det i fleire år. Det er urettferdig at ein som jobbar i 19 prosents stilling i ein kommune får pensjon, mens ein som har akkurat same jobb på eit sjukehus ikkje får noko som helst. Derfor har vi mista tolmodet! slo Nord fast.

Direktøren møtte fram


Kjell-Erik Kallset

Fagforbundsleiaren gjekk til angrep på arbeidsgivarorganisasjonen Spekter fordi dei avviser kravet og nyttar argumentet om at det er urettferdig i høve til andre grupper i sjukehusa, som legar og sjukepleiarar.
– Men, kjære venner, legane og sjukepleiarane meiner ikkje det. Dei har stilt seg bak oss og støttar kravet vårt om pensjon frå første krone, sa Nord, som også la vekt på at ni av ti i ei meiningsmåling støttar kravet til Fagforbundet.

Som brikkar i eit spel

Forbundsleiaren viste også til at sjukehusdirektørane og Spekter driv eit svarteper-spel, der dei med mindre enn 20 prosent stilling blir brukt som brikkar.
Ein av sjukehusdirektørane høyrte godt kva ho sa. Klinikkdirektør Stein-Are Agledal møtte opp til streikemarkeringa, og klappa til det skarpe bodskapet frå Mette Nord. Etter markeringa drøfta han situasjonen saman med forbundsleiaren og Jon Egil Kvamsøe, foretakstillitsvald for Fagforbundet i Vestre Viken helseforetak. 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?