Til hovedinnhold

Sindre Hornnes

Sindre Hornnes

Sindre Hornnes (Foto: Martine Grymyr)

Foreldra song arbeidarsongar til han då han låg i krybba. No er Sindre Hornnes 20 år gamal, leiar av Fagforbundets ungdomsutval i Vestland, og klar for ein veldig spesiell utgåve av LOs sommarpatrulje.

11.06.2020 av Martine Grymyr
Sist oppdatert: 19.06.2020

 

Allereie som 16-åring byrja han som støttekontakt, og arbeidde vidare i bu- og miljøtenesta fram til han vart frikjøpt i Fagforbundet for eit år sidan. Planen vidare er å utdanna seg til sjukepleiar.

– Eg har vorte fortalt at foreldra mine song arbeidarsongar til meg då eg var i krybba, men den verkeleg store interessa for fagrørsla kom då eg som ung og engasjert i AUF var med på eit temamøte om sommarpatruljen. Det var på mange måtar første gongen eg fekk grundig fortalt viktigheita av fagrørsla og arbeidet for eit seriøst og trygt arbeidsliv, seier Hornnes.

Strenge smitteverntiltak

Tross sin unge alder blir dette 20-åringens femte år med LOs sommarpatrulje. Han ser at patruljen er ein god måte å koma i kontakt med dei unge og uorganiserte som han elles ikkje møter på.

– Det er mange unge som ikkje har høyrt om fagorganisering før, og det er givande å kunne gje dei eit tilbod om å bli ein del av fellesskapet vårt i Fagforbundet, forklarar Hornnes. I år blir sommarpatruljen heilt spesiell.  Korona-pandemien set krav til smittevern, både for dei tillitsvalte og for dei unge arbeidstakarane som dei skal fylgja opp.

– For Fagforbundet Vestland sin del vil det i stor grad handla om å gjennomføra digitale møter. Vi har fått utarbeida smittevernreglar, og dei skal vi fylgje.

Viktigare enn på lenge

Blant tiltaka som skal settast i gang under årets sommarpatrulje, er nettopp digitale forkurs for deltakarane. Kursa har særleg fokus på smittevern, alle intervju skal helst haldast utomhus og med minst ein meters avstand. LOs sommarpatrulje i Vestland går i år mellom 22. juni og 7. juli.

– Sommarpatruljen er nok viktigare enn på lenge. Vi veit at i krisetider er det ofte unge arbeidstakarar som er treng støtte , seier Hornnes.

Les meir om LOs sommarpatrulje på ung.fagforbundet.no

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?