Til hovedinnhold

Mette Nord valt til ny leiar for åtte millionar fagorganiserte

No skal Mette Nord leie arbeidet meir rettferd i Europa, med 8 millionar medlemmer i ryggen. (t.v EPSUs generalsekretær Jan Willem Goudriaan)

No skal Mette Nord leie arbeidet meir rettferd i Europa, med 8 millionar medlemmer i ryggen. (t.v EPSUs generalsekretær Jan Willem Goudriaan) (Foto: Kjell-Erik Kallset)

Fagforbundets leiar, Mette Nord, er valt som leiar for åtte millionar fagorganiserte i 49 land. No vil ho skape eit meir rettferdig Europa for alle.

06.06.2019 av Kjell-Erik Kallset
Sist oppdatert: 05.01.2023

– No er det berre å brette opp ermene og begynne å arbeide, sa Mette Nord da ho vart valt som leiar for fagorganiserte i Europa. Ho fekk sterk applaus frå fagforeiningskongressen, som valde henne utan motkandidat.

«Fighting for a future for all» lyser det frå enorme skjermar i den gigantiske møtehallen i den irske hovudstaden Dublin. Her står leiaren i Fagforbundet saman med nærmare 800 fagforeiningsfolk fra Europa. Det er kongress i EPSU (European public service union), og her møtest fagforeiningane til folk som arbeider i offentlege tenester, særleg kommunalt og statleg tilsette. Frå Norge er LO-forbund som Fagforbundet, Norsk Tenestemannslag og Fellesorganisasjonen med, men også Delta, Norsk Sjukepleiarforbund og andre.

Kjempar for rettferd

No er Mette Nord valt til leiar for EPSU, og dermed har ho åtte millionar medlemmer i ryggen.


Kjell-Erik Kallset

– Vi skal kjempe fram betre fordeling både av makt og ressursar for arbeidsfolk i Europa. Vi skal møte utfordringar som klimakrisa, flyktningkrisa, konsekvensane av brexit og framveksten av ekstremisme. Derfor blir det utruleg viktig å styrke det europeiske samarbeidet i fagbevegelsen. Vi må få sterkare innverknad på EU og dei andre institusjonane, seier Mette Nord.

Leiaren av Fagforbundet meiner norske erfaringa kan styrke fagrørsla i Europa:

– Fagrørsla slit med fallande medlemstal og organisasjonsgrad i ei rekke europeiske land. For å styrke interessene til vanlege arbeidsfolk, må vi snu denne utviklinga og bygge ein sterkare fagbevegelse. I Norge har fagbevegelsen klart å kjempe fram betre rettar for medlemmene våre enn i flere andre land, ikke minst på grunn av den nordiske modellen og samarbeidet mellom partane i arbeidslivet. Vi har erfaringar som kan gi fagrørsla i Europa meir makt, både i møte med nasjonale styresmakter og overnasjonale organisasjonar som EU, seier Nord.

Dei same problema

Kampen mot auka forskjellar er ei hovudsak for EPSU no. Kongressen har drøfta ei rekke saker som også pregar arbeidet til Fagforbundet: Verving og styrking av fagorganisasjonane, motstand mot privatisering og krav om rettferdig skattlegging er blant hovudsakene. Fagforeiningsleiarane krev også styrkt likestilling, og dessutan tiltak mot klimaproblema og flyktningkrisa.

– Vi ser at fagbevegelsen i andre land jobbar med mange av dei same problema som vi er opptatt av. I fleire andre land er problema enda større enn hos oss, blant anna når det gjeld omfattande privatisering. Da er det viktig at vi i fagbevegelsen har forhandlingskraft. Noko av det viktigaste er å styrke rekrutteringa. Mange medlemmer som gir fagbevegelsen legitimitet og kraft. Det er ei utfordring i Norge også, sjølv om organisasjonsgraden er langt lågare lenger sør i Europa. 

Samarbeidet styrkar

– Korfor er det viktig for medlemmene at Fagforbundet deltar i internasjonale organisasjonar som EPSU?

–Fordi det som skjer internasjonalt påverkar oss heime så sterkt. Vi må engasjere oss og vera ei tydeleg stemme for å redusere forskjellane og styrke likestillinga. Samarbeidet med fagbevegelsen i andre land gjer det lettare å kjempe fram gode lønns- og arbeidsvilkår og sikre kvaliteten i tenestene vi yter innbyggarane.

Leiar frå utanforlandet

Mette Nord var innstilt som som einaste kandidat til leiarvervet i EPSU, og ho blir den aller første frå eit land som ikkje er med i EU.

– Mykje av arbeidet til EPSU er retta mot EU. Er det ikkje eit paradoks at du frå utanforlandet Norge skal vera leiar?

–Det kan bli ein styrke. Det er også fagforbund frå andre land utanfor EU som er med i EPSU, og det er ein fordel at organisasjonen ser ting både innan- og utanfrå. Vi må sørge for at EU ikkje er eit hinder for sosial utvikling, og hittil har EU hatt for lite fokus på sosiale sider.

–Så dette er ikkje starten på ei ferd der Fagforbundet går frå «nei» til «ja» i spørsmålet om norsk medlemskap?

–Nei, ikkje i det heile tatt, slår leiaren i Fagforbundet fast.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?