Til hovedinnhold

Krisa og fagrørsla

Illustrasjon: Trude Tjensvold

Illustrasjon: Trude Tjensvold

Kva hjelper det å ruste opp skulane når lærarane blir oppsagde på grunn av at skolesektoren blir nedprioritert? Det må vere eit krav til regjeringa at det er heilskap og samanheng i krisepolitikken.

07.05.2009 av Helga Hjetland
Sist oppdatert: 29.05.2009

Verda er inne i dei alvorlegaste økonomiske nedgangstidene etter andre verdskrig. Arbeidsløysa stig med rekordfart over heile verda. Alle land blir råka. Den globaliserte marknaden gjer at ingen slepp unna. Her i Noreg har arbeidsløysa auka frå 2 til 3 prosent, og det er venta at den vil halde fram med å stige, i beste fall til ute i år 2010 ein gong. Dette er alvorleg for alle dei som blir råka direkte. Men våre problem er svært mykje mindre enn i dei fleste andre land. I EU-området er arbeidsløysa på full fart mot 10 prosent, og i einskildland som Spania, på tragiske 20 prosent. Island var nær på å gå konkurs før dei blei redda av det internasjonale pengefondet.

Den grunnleggjande årsaka til krisa ligg i den utbreidde trua på dei frie marknadskreftene over heile verda. Dei som Bernt Sofus Tranøy har kalla marknadsfundamentalistane, har sitte med den politiske makta i mange av dei viktigaste landa utover på 80-, 90- og 2000-talet. Og dei har dominert meiningsutviklinga i dei store internasjonale organisasjonane som Verdsbanken, OECD, Det internasjonale pengefondet, og så bortetter. Resultata har vore fritt fram for grådigheit, medan etiske verdiar knytt til samfunnsmoral og solidaritet har vore kasta på båten.

For regjeringar verda over har det ikkje vore anna val enn å sprøyte ufattelege summar av fellesskapen sine pengar inn for å redde finansinstitusjonane, trass i at mange av desse institusjonane er direkte skuld i krisa. Og etter at krisa gjekk over frå å vere ei finanskrise til å bli ei økonomisk krise som råka heile næringslivet, er endå fleire pengar sprøytte inn for å motverke den sterke auken i arbeidsløysa. Alt dette er kanskje vel og bra når situasjonen er slik den er.

Men det viktige spørsmålet no er: korleis skal vi forhindre at det blir tilbake til det same gamle systemet når krisa er over og økonomien kjem i gang att? Det er den strategiske oppgåva fagrørsla må ta ansvar for i tida som kjem. Kriser er ubehagelege, men dei representerer alltid moglegheiter for endring.

Dersom vi skal klare å utnytte situasjonen til å endre både dei økonomiske systema, verdigrunnlaget for økonomisk verksemd, fordelinga av verdiane og innrette produksjonen meir mot økologisk akseptable produkt og produksjon, må vi handle no. Og vi må stå saman. I så måte har dei store verdssamanslutningane for fagrørsla gått føre med godt føredøme. I samband med G20-møtet i London i april la dei fram eit felles dokument kalla Global Unions London Declaration. Dokumentet gir både råd om korleis ein kan kome seg ut av den økonomiske krisa på kort sikt, men òg råd om kva for endringar som er viktige på lengre sikt.

Det er viktig at vi står saman på den internasjonale politiske arenaen, men dersom vi skal få gjennomslag, er det like viktig at vi står saman her i vårt eige land når viktige strategiske val for framtida skal takast. Dei fleste har støtta regjeringa sin krisepakke som sprøyter meir pengar inn i offentleg sektor for å redde arbeidsplassar i byggenæringa gjennom infrastrukturtiltak. Men dette er kortsiktige tiltak. Dei er ikkje tilstrekkelige til å endre dei strukturane som utløyste krisa eller til å utvikle nytt grunnlag for vekst, velstand og ny kompetanse.

Eg er spesielt oppteken av det siste. Utan varige større investeringar i kunnskap og kompetanse både i utdanningssystemet og i arbeidslivet, vil vi stå dårleg rusta til å konkurrere i ei verd der all framgang og vekst vil handle om evna til å utvikle kunnskapane til folk flest. Det er fint at bygningsfolka er på veg inn i skulane for å ruste dei opp, men kva hjelper det når lærarane blir oppsagde på grunn av at skolesektoren blir nedprioritert i kommunar og fylkeskommunar? Det må vere eit krav til regjeringa at det er heilskap og samanheng i krisepolitikken.

Helga Hjetland

 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?