Til hovedinnhold

Hilde Fredriksen Størksen

Bryr seg om medlemmene: I Sørbø barnehage i Sandnes har dei ein drømmetillits-vald, var tipset Oss tillitsvalgte fekk frå Fagforbundet Rogaland. Det er eit utsegn som truleg er heilt sant. Bryr seg om medlemmene: I Sørbø barnehage i Sandnes har dei ein drømmetillitsvald, var tipset Oss tillitsvalgte fekk frå Fagforbundet Rogaland. Det er eit utsegn som truleg er heilt sant.

04.09.2017 av Randi Tevik
Sist oppdatert: 04.09.2017

Hilde Fredriksen Størksen har 30 års fartstid i barnehage, og 25 år som tillitsvald.

– Vervet er ikkje noko arbeid. Det er kjekt å samarbeide både med styrar og med Utdanningsforbundet. Vi skal skape ein god kvardag for ungane og då har vi vaksne eit stort ansvar for å ha ein god dialog, seier Hilde.

Sjå kvar enkelt

Sørebø barnehage er to hus tett i tett, kjent som sør og nord. Totalt er det tolv avdelingar og Hilde deler på oppgåvene som tillitsvald med sin vara.

– Eg vil at begge skal vere med på opplæring i fagforeininga og at begge skal ha den same informasjonen. Det styrker oss og det er ein god ting for oss, for medlemmane og for Fagforbundet. Oppskrifta som Hilde følgjer for å ta vare på medlemmane og for å verve nye, er å sjå kvar enkelt.

– Det er viktig å bry seg om kvarandre og skape eit godt fellesskap slik at dei som kjem til barnehagen vil vere i lag med oss. Hilde trur ikkje at knyttneve og kamp funkar i kvardagen, men er meir for å heie kvarandre fram.

Finne dei gode løysningane

Det er viktig å samle medlemmene til fellesmøte. Det er ikkje alltid så lett etter arbeidstid, så i Sørebø barnehage brukar ein pausane aktivt.

– Når det er noko på tapetet deler Utdanningsforbundet og Fagforbundet pausen i to, og får samla alle sine. Dette gjer det lett å snakke saman og drøfte saker. Det er viktig å ta ting opp i felleskap, for da veit vi at vi har medlemmane i ryggen, sier Hilde. Ho skryt av leiinga på barnehagen som legg godt til rette for fagforeiningane.

– Eg kjenner at også styraren verdset dei tillitsvalde, fortel ho.

Brenn for lærlingane

Sandnes kommune har gode ordningar for lærlingane sine, og Hilde har meir enn ein finger med i det arbeidet. Ho har fagleg ansvar for opplæringa i barne- og ungdomsarbeidarfaget, og har vore med og laga opplæringsboka som kommunen brukar. I tillegg les ho og følgjer opp dokumentasjon fram mot fagprøva.

– Det er kjempekjekt å arbeide med lærlingane. Eg er opptatt av dei skal vere på linje med andre tilsette. Dei har eit namn som vi skal bruke og dei skal lære eit yrke saman med oss. Dei skal ikkje brukast til anna arbeid enn det vi gjer, dei er ikkje i barnehagen for å vaske vindauga. Hilde blir nesten litt streng når ho snakkar om lærlingane, men det går fort over.

Støtte i fagforeininga

Hilde trivst som tillitsvald og vi halde fram så lenge medlemmane vil ha ho.

– Som eg sa, det er ikkje så mykje arbeid. Eg les meg opp på det eg rekk og elles så har eg gode folk i Fagforbundet Sandnes eg kan spørje.

–  Eg må få skryte av dei, seier Hilde. 

På fritida liker ho å strikke, gå tur og vere i lag med barnebarn.

Det er godt å snakke med Hilde Fredriksen Størksen. Måten ho framsnakkar kollegaer, styrar, fagforeininga og lærlingane sine på vitnar om at ho har funne ei god oppskrift på å lykkast.

- Eg liker å bruke mykje tid på å finne ein middelveg, er meldinga frå den tillitsvalde i Sørebø barnehage.

 

 

 

 

 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?