Til hovedinnhold

Jane Grethe Stedje

– Fagforbundet har mange flotte kvalitetar, men når det gjeld bruk av nynorsk, så er det stryk over heile linja. Den som står bak dei strenge orda er hovudtillitsvald i Årdal, Jane Grethe Stedje.

09.09.2014 av Kari-Sofie Jenssen
Sist oppdatert: 31.10.2014

– Eg kan ikkje henge opp ein plakat på bokmål på ei oppslagstavle her i kommunen, det går berre ikkje, seier Jane Grethe. Eg skjønar at alt ikkje kan vere på nynorsk og ber heller ikkje om det, men slik det er i dag er det berre heilt unntaksvis at noko kjem på nynorsk. Hun fortel at det vanskelegaste er ferdigtrykte plakatar og oppslag. Viss teksten er i word kan det omsetjast til nynorsk, men når både tekst og bilete er trykt, går ikkje det heller. Då er eg ganske opprådd, seier ho. La  meg ta eit døme.  Eg har vore Fane2 / kasserar i 20 år. Stadig får vi ferdiglaga oppslag, men berre på bokmål. Det er ikkje bra nok. Me må hugse på at ein plass mellom ti og femten prosent av folket skriv nynorsk. Det tyder  at kanskje 40 – 50 000 medlemmer i Fagforbundet  nyttar nynorsk. Det er mange det!

Språkleg valfrihet

– Eg jobbar i skulen, der får me alltid spørsmål om vi vil ha materiell vi skal bestille på bokmål eller nynorsk. Uansett om det er ei meldingsbok, eit infoskriv eller anna materiell og utstyr skulen skal ha, så kjem spørsmålet om målform. Det er klart me ikkje kan krevje at materiell som må ut i ei fart, til dømes midt på natta under eit tariffoppgjer, skal kome på nynorsk. Då er det verken tid eller ressursar til å lage ting på nynorsk.  Men fortel ikkje meg at alt hastar like mykje i Fagforbundet. Eg er ikkje i tvil om at dette handlar meir om språkleg medvit enn om tid, seier ho.

Må vekkjast til liv

Jane Grethe Stedje fortel at ho veit at Fagforbundet har eit formelt samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar og at forbundet er eit av få forbund som har vedteke eigne reglar for bruk av nynorsk. Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK) og Fagforbundet hatt eit samarbeid heilt sidan 2003. I avtalen med LNK er det åpna for at dei kan halde kurs for tilsette og tillitsvalde i Fagforbundet.

Fornya avtale

Denne avtalen blei fornya så seint som i 2012. Avtalen er i hovudsak ein vidareføring og utviding av tidligare avtaler, men legg altså vekt på kursing av kommunetilsette/tilsette i Fagforbundet og profilering av Fagforbundet. – Det er bra det, men det hjelper ikkje så mykje når dei fine planane ligg nedst i skuffa. Samarbeidsavtalen er vedteke av styrande organ i Fagforbundet, og da er det ikkje opp til den einskilde om dei vil følgje den. Det er ikkje nedst i skuffa avtalane skal vere. Ta dei fram og i bruk, formanar Jane Grethe Stedje i Årdal.

 

 

 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?