Til hovedinnhold

Siger for heiltid

Illustrasjon: Trude Tjensvold

Illustrasjon: Trude Tjensvold

Fire deltidstilsette kvinner vann over arbeidsgivaren Granvin kommune i ein historisk dom frå Hardanger tingrett heilt på tampen av 2007. Saka var prinsipielt svært viktig for Fagforbundet, som no skal føre tilsvarande saker mot ei rekke kommuner.

23.04.2009 av Maria Wattne
Sist oppdatert: 05.05.2009

Fagforbundet hadde på vegne av fire medlemmer gått til sak for fast tilsetjing etter reglane i arbeidsmiljølova om ulovleg bruk av mellombels tilsetjing (§ 14-3) og fireårsregelen (§ 14-9). Tingretten var samd med Fagforbundet i at Granvin kommune hadde brote arbeidsmiljølova fordi trongen for vikarar på sjukeheimen ikkje kan kallast ekstraordinær. Dei tre hjelpepleiarane og ein assistent fekk alle fast tilsetjing. Tre fekk heiltidsstillingar og ei fekk 75 prosent stilling frå 1. januar 2005.

 

Retten meiner at den typen arbeid som arbeidsgivar har vist til, ikkje er slikt arbeid som fell inn under unntaka.

- At dei eldre ved ein sjukeheim vert alvorleg sjuke og døyr er ein del av kvardagen og livets gang ved ein sjukeheim. Arbeid i samband med dette skil seg ikkje nemnande frå det arbeid som elles vert utført ved ein sjukeheim. Det er nettopp ofte høg alder og sjukdom som er årsaka til at dei eldre vert tildelte ein sjukeheimsplass. Retten meiner dette arbeidet ikkje har karakter av å vera ekstraordinært og kan ikkje sjå at unntaket i lova gjeld for slike situasjonar, skriv Hardanger tingrett.

 

Fagforbundet kravde utviding av dei faste stillingsheimlane med i underkant av to stillingar. Ved sjukeheimen i Granvin er det 22 årsverk fordelt på 44 tilsette. Retten vurderer trongen til å dekke opp sjukefråvær og permisjonar i eit normalår til å liggje mellom 3 og 3,5 årsverk.

 

Fleirtalet i retten meiner trongen for vikarar er tilstrekkeleg fast til at vikaravtalane må setjast til side som stridande mot arbeidsmiljølova. Trongen for 3-3,5 årsverk pluss ferieavvikling er relativt stabil. Alle saksøkjarane har over år gjennomsnittleg arbeidd langt ut over den faste stillingsprosenten dei har.

 

Fleirtalet peiker også på at omsynet til meirkostnader for kommunen ved fast tilsetjing er underordna det krav arbeidstakarane har på fast tilsetjing etter arbeidsmiljølova. Ein viser til at formålet med lova er å sikre trygge tilsetjingsforhold og likebehandling i arbeidslivet (§ 1-1b). Kommunen sin trong for grunnbemanning vil til ei kvar tid vere avgjerande for om vikaravtalane kan setjast til side, etter ei konkret vurdering. Fleirtalet meiner at formålet med lova i dette tilfellet vert best ivareteke ved å setje til side desse vikaravtalane. Dei er i strid med arbeidsmiljølova §14-9 om krav til fast tilsetjing.

 

At dei tre arbeidstakarane som arbeidde tilsvarande full stilling har krav på fast tilsetjing også i medhald av fireårsregelen i §14-9, femte ledd, er dommen einstemmig samd i.

 

Advokat for Fagforbundet, Kjetil Edvardsen, representerte dei fire kvinnene i Granvin. Han er nøgd med dommen, og seier at den var som forventa. Fagforbundet hadde også kravd erstatning for tapt arbeidsinntekt for dei fire, men vann ikkje fram med det.

- Erstatninga er ikkje det viktigaste. Det som teller, er at dei fekk fast, full stilling slik dei har krav på. Denne dommen er ei viktig stemme i debatten om uønska deltid, uttaler han. 

 

Felttog for heltid

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?