Til hovedinnhold

Fagforbundet støtter kampen for de ureturnerbare flyktningene!

(Foto: Anne Skotheim/Fagbladet)

Fagforbundet vil kjempe imot den uverdige symbolpolitikken til den blåblå regjeringen. Flyktningene skal få rett til arbeid, skolegang og helsehjelp.

13.12.2019
Sist oppdatert: 20.12.2019

Landsstyret i Fagforbundet uttrykker solidaritet med kampen som menneskerettsforkjemparen Arne Viste og tidlegare biskop Gunnar Stålsett fører for flyktningar og asylsøkarar. Viste og Stålsett risikerer fengselsstraff fordi dei har hjelpt nokon av dei som har minst i samfunnet vårt, dei «ureturnerbare» flyktningane og asylsøkarane. Dette er menneske som av ulike grunnar ikkje får opphaldsløyve i Norge, men som ikkje kan sendast tilbake til heimlandet.

Det er anslått at det er mellom to og tre tusen flyktningar i Norge som ikkje kan returnere til heimlandet, men det er truleg fleire. Dette er menn, kvinner og nokre barn som lever i skyggen av vårt priviligerte samfunn. Dei har ikkje lov til å arbeide for å livnære seg sjølve, og dei står utan tilgang til helsetenester, velferdstenester og andre rettar som vi andre kan ta for gitt. Desse medmenneska har høg risiko for å bli utsette for tvangsarbeid og menneskehandel.

Norge må endre lovverket slik at desse menneska får lov til å arbeide, som dei ureturnerbare får i land som Tyskland, Italia og Spania. Alle er tente med at flyktningane får lov til å forsørge seg sjølve og bidra i samfunnet. Arbeid gir fellesskap og meining i kvardagen, og utløyser dessutan andre rettar som vil betre livssituasjonen deira. Samtidig vil retten til arbeid motverke arbeidslivskriminalitet og utnytting av sårbare menneske.

Fagforbundet vil kjempe imot den uverdige symbolpolitikken til den norske regjeringa. Derfor vil landsstyret til Fagforbundet styrke arbeidet for at flyktningane skal få rett til arbeid, skolegang og helsehjelp.

Uttalelse fra Fagforbundets landsstyre, 13. desember 2019.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?