Til hovedinnhold

Ambulansen møter vald og trugslar

Christin Haslestad og Lars Vereide på sjukehuskonferansen 2023

Christin Haslestad og Lars Vereide på sjukehuskonferansen 2023 (Foto: Fagforbundet)

Christin Haslestad og Lars Vereide snakka om arbeidet med betre tryggleik for tilsette i ambulansetenesta på Fagforbundets sjukehuskonferanse.

09.03.2023 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 09.03.2023

Tryggleik på jobb er noko dei fleste tek for gitt, og noko som ein har rett på etter arbeidsmiljølova. Likevel har det ikkje vore så enkelt for dei tilsette i ambulansetenesta. Der har dei ikkje alltid fått beskjed om tidlegare valdeleg åtferd når dei rykkar ut på oppdrag.

– Dette gjer at vi går inn i situasjonar litt i blinde, seier ambulansearbeidar og tillitsvald Lars Vereide.

Møtt med kniv

Han har opplevd at ein pasient har tatt fram ein kniv når han har vore ute på oppdrag. Arbeidsgjevar har lenge haldt fram at ein ikkje har hatt lov til å gi informasjon om tidlegare valdshistorikk, og visar til teieplikta.

– Teieplikta ligg i ryggrada til tilsette i helsetenesta, men tryggleiken til dei tilsette må kome fyrst, konstaterer Vereide.

Samstundes meiner han at god informasjon er naudsynt for å kunne gjere ein god jobb.

– Viss me faktisk får vite at ein pasient har ein valdshistorikk vil det kunne endre korleis me møter dei, og kanskje me faktisk kan unngå heilt at det eskalerer. Det er betre for både pasienten og helsepersonellet, seier Vereide.

Skal vere trygge på jobb

Fagforbundet jobba med dette politisk over tid. Dette resulterte i at helse- og omsorgsdepartementet sendte eit brev til alle helseføretaka i 2022 kor dei klargjorde at ambulansepersonell må kunne få informasjon som er naudsynt for deira tryggleik.

 Ambulansearbeidar og styremedlem i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet, Christin Haslestad, meiner at det framleis står igjen litt arbeid.

– Det er framleis sånn at det er opp til kvar einskild AMK kva informasjon ein gir ut, og ikkje alle har tatt inn over seg innhaldet i brevet frå helse- og omsorgsdepartementet, seier Haslestad.

Ho er tydeleg på at Fagforbundet ikkje kjem til å gi seg.

– Våre medlemmar skal vere trygge på jobb, og ein skal ikkje måtte bryte lokale retningsliner for å få det til, konkluderer ho.

Relaterte artikler:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?