Til hovedinnhold

Ambulansearbeidar Christin inn i Fagforbundstoppen

Christin Haslestad på landsmøtet 2022

Christin Haslestad på landsmøtet 2022 (Foto: Ingvar Skjerve)

Christin Haslestad er ambulansearbeidar og yrkesseksjonsleiar i forbundsregion Agder. No er ho vald som styremedlem i yrkesseksjon helse og sosial sentralt.

20.10.2022 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 06.02.2023

Fagforbundets 5. ordinære landsmøte har vald eit nytt styre i yrkesseksjon helse og sosial. Ein av dei nye styremedlemmane er ambulansearbeidar Christin Haslestad.

Christin har bakgrunn frå forsvaret, og seinare som fengselsbetjent. Ho omskulerte seg til ambulansearbeidar og har jobba som det sidan 2005. I 2019 vart ho vald som yrkesseksjonsleiar i forbundsregion Agder. Nyleg vart ho medlem i Utdanningsdirektoratet si eksamensnemnd for ambulansefaget, og ho er òg skriftleg sensor. Mellom slaga på landsmøtet tok Christin seg tid til å svare på nokre spørsmål.

– Kva er det beste ved å arbeide i den prehospitale tenesta?

– Det beste ved å jobbe i ambulansetenesta er å vite at du gjer ein forskjell for pasientane, at mi innsats er viktig. Og eigentleg like viktig er det unike samhaldet mellom kollegar, det samhaldet som blir av å jobbe tett saman med ein kollega i utfordrande situasjonar.

Ho er naturleg nok svært oppteken av å jobbe for dei tilsette i ambulansetenesta.

– Eg er veldig oppteken av lærlingane i ambulansetenesta, og var tett på med å jobbe med å endre akuttmedisinforskrifta sånn at det er mogleg å få lærlingplass rett etter bestått VG2 i ambulansefaget.

Christin er òg oppteken av å betre arbeidsvilkåra, særleg med tanke på vald, trugslar og trakassering.

– Arbeidsgjevar har meint at teieplikta i helsepersonellova er eit hinder for å opplyse om tidlegare hendingar, men no har helse- og omsorgsdepartementet, takka vere jobben til yrkesseksjon helse og sosial, kome med eit brev kor dei presiserer at arbeidsmiljølova òg gjeld helsepersonell. I brevet merkar dei at det er mogleg å nytte unntaksbestemmingar for å kunne opplyse helsepersonell om tidlegare hendingar.

Kva tenkjer du er særleg viktig å jobbe med framover?

– Det vert viktig å diskutere paramedisinarane som no kjem ut i tenesta – korleis desse på ein naturleg måte skal verta ein del av kollegiet. Korleis ein best mogleg kan utnytte desse fagfolka si kompetanse, utan å fortrenge berebjelken i tenesta som i mange år framover vil vere ambulansefagarbeidaren.

Relaterte artikler:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?