Til hovedinnhold

Ga innspel om lagring av lyd- og videologgar

Illustrasjonsbilde ambulanse.

Illustrasjonsbilde ambulanse. (Foto: Birgit Dannenberg)

– For oss er det viktigaste at ein tek omsyn til arbeidstakarane, seier Kurt Rønning

10.10.2022 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 06.02.2023

Den akuttmedisinske tenesta er unik i norsk helsesamanheng i det at mykje av det ein seier i jobbsamanheng blir tatt opp og lagra. Dette bidreg både til kvalitetssikring og er ein sikkerheit for den einskilde arbeidstakar viss noko skulle skje.

Helsedirektoratet inviterte Fagforbundet og dei andre fagorganisasjonane på eit dialogmøte 6. oktober med dette som tema. Dei har fått i oppdrag å greie ut behovet for å endre akuttmedisinforskrifta med tanke på lagring av lydlogg og bruk av video. Her deltok nestleiar i yrkesseksjon helse og sosial, Kurt Rønning, og rådgjevar Eskild Hustvedt.

Arbeidstakarperspektivet

Det er mange gode grunnar til å lagre lydlogg, men det er ikkje utan negative sider. Innsynsretten til pasientar gjeld òg for lydloggen

– Det er lett å kjenne igjen stemmen til nokon på ein lydlogg. Me må i størst mogleg grad beskytte helsepersonell frå å verta eksponert i media på grunn av ein utlevert lydlogg, seier Rønning

Dette er noko Fagforbundet meldte tilbake at må vere ein del av vurderinga viss ein no endrar akuttmedisinforskrifta.

– Det er òg viktig at me får lik praksis for lagringstid i heile landet

Bruk av video

Det vart meir og meir bruk av video i den prehospitale tenesta. Om, og eventuelt korleis ein skal lagre dette var òg eit spørsmål.

– Dette er en interessant problemstilling som vi må ha en større debatt om i forbundet før vi kan konkludere med noe, sier Rønning

Han nemner mellom anna enno større risiko for å verta eksponert i media enn ved lydlogg, samt utfordringane med at ein lett kan lagre video av ein tredjeperson.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?