Til hovedinnhold

Fagforbundet og akuttmedisinforskrifta

Illustrasjonsbilete

Illustrasjonsbilete (Foto: Birgit Dannenberg)

Ny akuttmedisinforskrift har tredd i kraft. Kva meiner eigentleg Fagforbundet om denne?

13.05.2022 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 13.05.2022

Dette er ein lengre artikkel som går detaljert gjennom det Fagforbundet meiner. For ei kort oppsummering, sjå artikkelen «Uakseptabelt med ambulansevikarer uten kompetansebevis».

Kva vart endra?

Endringa av akuttmedisinforskrifta som tredde i kraft 1. mai 2022 er todelt.

For korttidsvikariat er det unntak frå om krav om autorisasjon eller lisens som helsepersonell, og frå kravet om kompetansebevis for føring av utrykkingskøyretøy. Fagforbundet meiner denne endringa må reverserast så snart som mogleg og vil jobbe for dette.

2. års lærlingar får unntak frå kravet om autorisasjon eller lisens, og frå kravet om kompetansebevis for føring av utrykkingskøyretøy. Dette er ein korreksjon av ei endring av forskrifta som vart gjort i 2015, men som aldri har vore praktisert. I tillegg er det presisert at unntaket berre gjelder for andre år som lærling, altså kan ikkje lenger fyrste års lærlingar vere andre person, noko som har vore praksis enkelte stader.

Fagforbundets politikk – endringa for vikarar

Fagforbundet meiner endringane for korttidsvikariat må reverserast. Årsaka til dette er enkel: fagfolka som jobbar i ambulansen må vere trygg på at dei kan gi naudsynt behandling og omsorg til pasienten dei rykkar ut til. Vi jobbar for at dette unntaket vart fjerna.

Helse- og omsorgsdepartementet grunngjev endringa med at det er behov for kortsiktige vikariat som ein ikkje får tak i faglærd personale til, og visar særleg til ferieavvikling. Vi meiner at utfordringa ikkje er at fagfolka ikkje finst, men at arbeidsvilkår og arbeidstidsordningar gjer det vanskeleg for mange å stå i jobben. Dei er ikkje tilpassa folk i ulike livsfasar, og kan vere utfordrande for somme å kombinere med for eksempel familieliv. Betre arbeidsvilkår og arbeidstidsordningar som fleire kan leve med vil sikre at fagfolka kan stå i jobben. Samstundes er det òg eit generelt behov for å auke grunnbemanninga, både fordi talet på oppdrag aukar, men òg fordi det gir ei meir robust teneste som er mindre avhengig av å hente inn eksterne for kortsiktige vikariat. Dette er ein betre og meir langsiktig løysing på det ein meiner den nye forskrifta skal bidra til.

Problemet er ikkje at fagfolka ikkje finst, men at tenesta ikkje er organisert på ein sånn måte at dei ynskjer å jobbe der. Endringa etterlet difor eit inntrykk av at den er økonomisk motivert. Sjølvsagt vil det vere billigare å ta inn personar utan både autorisasjon eller lisens og «160». Men kostnad kan ikkje vere ein faktor når ein tek inn personar i ambulansetenesta. Då må faget gå fyrst. Å innhente personar utan «160» og autorisasjon eller lisens må vere absolutt siste løysing.

Ved å ta inn dette unntaket i forskrifta bidreg ein til å oppretthalde dei strukturelle problema. Fagforbundet meiner at ein må gjere ein jobb med å behalde folka i tenesta og å rekruttere fleire, før ein tek grep som kan ha som konsekvens å redusere kvaliteten i tenesta.

Det mest problematiske med endringa er at ein ikkje krev kompetansebevis for utrykkingskøyretøy («160») for vikaren. Når ein samstundes ikkje krev autorisasjon eller lisens som helsepersonell set ein ambulansearbeidaren eller paramedisinaren på bilen i ein svært vanskeleg situasjon. Ein kan då risikere at fagpersonen må sitje framme og køyre ambulansen, medan det bak sit ein vikar som ikkje har ambulansefagleg kompetanse. Ei gjeninnføring av kravet om «160» vil sikre at fagpersonen kan sitje bak med pasienten medan vikaren køyrer.

Samstundes er kravet om kva kompetanse ein vikar skal ha alt for svak og diffus. Det fyrste som må skje no er at ein startar arbeidet med den varsla rettleiaren for vikarbruk i ambulansetenesta. Dette arbeidet må vere eit partssamansett arbeid, og Fagforbundet står klar til å bidra sånn at denne rettleiaren vart best mogleg.

Historikk om lærlingar som andre person

Akuttmedisinforskrifta vart endra i 2015. Før denne endringa kunne andre års lærlingar i ambulansearbeidarfaget vere andre person på ambulansebil sjølv om dei ikkje hadde kompetansebevis for føring av utrykkingskøyretøy («160»).

Utdanninga la (og legg framleis) òg opp til dette, og det har vore praksis i dei fleste helseføretak. Endringa gjort i 2015 la til eit krav om at minst to personar på bilen skulle ha kompetansebevis for utrykkingskøyretøy, før dette var kravet at minst ein person skulle ha dette kompetansebeviset (òg kalla «160», etter koden ein får i førarkortet). Utrykkingsforskrifta §6 set som krav at den som får beviset skal både ha fylt 20 år, og ha hatt førarrett for klasse B utan avbrot i to år. Dei som går rett frå ungdomsskulen over i vidaregåande skule, og så ut i lære for å verta ambulansefagarbeidar er i utgangspunktet 18 år når dei startar læretida, og 19 når dei startar andre året av læretida. Dei kan ta klasse B og C1, som ein treng for å kunne køyre ein ambulanse, men dei kvalifiserer ikkje til å få kompetansebeviset etter krava i utrykkingsforskrifta. Konsekvensen av vedtaket frå 2015 var difor at lærlingar ikkje lenger kunne vere andre person på ambulansebil.

Dette var både Fagforbundet og Spekter raske til å reagere på då ein såg at det i realiteten ville føre til at verksemdene ikkje ville ta inn lærlingar då desse ville måtte vere tredje person, noko som både økonomisk og praktisk er vanskeleg. Resultatet vart at det kom eit midlertidig, tidsavgrensa, unntak frå kravet om kompetansebevis for utrykkingskøyretøy for andre års lærlingar i ambulansefaget. Dette unntaket har vore forlenga fleire gangar, fram til no.

Fagforbundets politikk – endringa for lærlingane

Fagforbundet støtta endringane i akuttmedisinforskrifta som sikra lærlingen. Forbundets politikk har vore, og er framleis, at andre års lærlingar må kunne vere andre person på ambulansebil. Dette handlar fyrst og fremst om å sikre ambulansearbeidaren ein plass i ambulansetenesta i framtida.

Viss ein lærling alltid skal vere tredje person på ambulansebil vil ein ikkje få dei same læresituasjonane til å utøve yrket sjølv. Dei fleste vil då fyrst få utøva yrket når dei er ferdig utdanna. Utdanningssystemet legg opp til at lærlingar skal ha realistiske situasjonar og få utøve yrket, etter kvart som dei vart opplært. Då må ein i laupet av læretida vere andre person på bilen.

I tillegg er det i opplæringslova §3-3 eit krav om at deler av læretida er verdiskaping. Viss ein gjennomsnittslærling aldri kan vere andre person på ambulansebil reduserer ein kraftig denne verdiskapinga. Utan dette vil ein ikkje kunne oppnå intensjonen med lærlingordninga. Samstundes kan ein sjå føre seg ei viss motvilje hos arbeidsgjevarane til å lønne lærlingane etter avtaleverket viss ein ikkje har nokon forventning av verdiskaping.

Det er òg ei vesentleg forskjell mellom det å sende ein andre års lærling med på eit oppdrag og det å sende ein vikar med nokre kurshelger ut på eit oppdrag. Lærlingen har på det tidspunktet hatt tre år med utdanning, kor eit av åra er som lærling. Vedkommande kjennar godt arbeidet og rutinar, og dei aller fleste vil ha gått med same rettleiar i eit år, og har hatt tid til å byggje opp erfaring og tillit. Det blir også gjort ei individuell vurdering i forkant.

Eit alternativt forslag som har vore greia ut er å endre utdanninga til femårig, dvs. 2+3 i staden for 2+2. Dette konkluderte kunnskapsdepartementet at dei ikkje ynskja å gjere. Helse- og omsorgsdepartementet støtta Kunnskapsdepartementet og innrømte at ein ikkje hadde tenkt heilt gjennom konsekvensane av forskriftsendringa.

Det kan ikkje vere nokon tvil: Fagforbundet meiner me skal og må ha ei utdanning i ambulansefaget òg i framtida. Med dei premissa som er lagt må andre års ambulanselærlingar kunne vere andre person på bilen. Ein må sjølvsagt alltid følgje med på om det skjer uønskte hendingar eller avvik som følgje av kvalitets- og kompetansekrav, men Fagforbundet understrekar at dette er vidareføring av dagens regelverk og ikkje ei ny ordning.

Relaterte artikler:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?