Til hovedinnhold

Medlemstur til Kalvåg

Fagforbundet Luster invitera til medlemstur til Kalvåg/ Bremanger. Knutholmen hotell. 26. – 28.august 2022.

12.05.2022 av Svein Tore Heltne
Sist oppdatert: 12.05.2022

  • Ein kan og ta med ein person som følgje om det er ynskjeleg.
  • Medlemmar får rabattert pris på turen, mens følgje betalar full pris.

Kort om turen:

  • Avreise fredag 26. august, ca. Kl. 16.00 frå Gaupne.
  • Framme Kalvåg. ca. Kl.21:00
  • Innsjekking Knutholmen Hotell
  • Felles middag laurdag kveld. ( Havets festbord.)
  • Søndag vert det heimreise kl.12.00.
  • Me et felles lunsj i Førde på heimvegen. ( Peppes Pizza )
  • Heima ca. Kl.18.00.
  • Elles er laurdagen avsett til eigentid.
    • Det er forskjellege aktivitetar ein kan vere med på I Kalvåg. Dette vel ein sjølv. Sjå vedlegg.

Inkludert i pris: Buss, to overnattingar m/frukost, fellesmiddag laurdag kveld. Lunsj I Førde..

Pris for medlemmar kr. 1000,- tillegg om du vil ha enkeltrom 300 kr.

Pris for ikkje medlemmar maks kr. 3200,-

Påmelding opnar 1. juni.

Frist for påmelding 15. juni. Påmelding er bindande.

Me har tinga buss og rom til 49 personar, som da blir makstaket for dette turfølgjet. Prinsippet om førstemann til mølla gjeld.

Bussen går frå Gaupne buss- stopp og køyrer utover med på Hestnes. Dei påmeldte får meir informasjon når turen nærmar seg.

Påmelding til Mary Karin tlf./sms . 95272395 eller

 e-post til: mary.karin.sageroy@gmail.com

 

Relaterte dokumenter:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?