Til hovedinnhold

Opne opp for at ambulanselærlingar kan vere andre person på bil

Kurt Rønning, nestleder Yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Kurt Rønning, nestleder Yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet. (Foto: Birgit Dannenberg)

I 2015 endra ein akuttmedisinforskrifta sånn at lærlingar ikkje lenger kunne vere andre person på ambulansebil. Regjeringa har lagt fram eit forslag til endringar i forskrifta som på nytt vil kunne opne opp for at lærlingar og studentar kan vere andre person på bil.

03.03.2022 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 04.03.2022

Når endringa kom i 2015 vart det betydeleg uro ute i tenestene for korleis dette ville slå ut for fagopplæringa. Etter press frå mellom anna Fagforbundet kom det på plass unntak som opna opp for at lærlingane kunne vere andre person på ambulansebil.

Høyringa for dei nye endringane i akuttmedisinforskrifta gjekk ut 1. mars. I tillegg til å gjere ordninga som let ambulanselærlingar vere andre person på bil, foreslår ein òg at ein skal få unntak frå kravet om autorisasjon eller lisens som helsepersonell for vikariat under to månadar.

– Det har vært viktig for Fagforbundet å få reversert endringa frå 2015, derfor er vi glade for at regjeringa no har lagt fram eit forslag som gjer nett det, seier Kurt Rønning, nestleiar i Yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

– Samtidig er det problematisk at ein kombinerer ei heilt naudsynt endring for lærlingar og studentar med ei oppmjuking av krava til kompetanse hos vikarar.

Kompetansebevis og autorisasjon

I dag er kravet at båe personane på bilen har kompetansebevis for utrykkingskøyretøy. For å kunne få kompetansebeviset må ein ha hatt førarkort i minst to år samanhengande – altså er minste alder for å få kompetansebeviset 20 år. Mange lærlingar er yngre enn dette og kan difor ikkje oppnå kravet. Det er òg eit krav at andre person på ambulansebil må ein ha autorisasjon eller lisens som helsepersonell. Dette har ikkje andre års lærlingar eller paramedisinstudentar.

Om ikkje andre års lærlingar og tredje (eller fjerde, for deltid) års studentar kan vere andre person på bil, meiner Rønning at ein set heile fagopplæringa i fare.

– Både ambulansearbeidarfaget og paramedisin er praktiske yrke. Mykje av det ein må kunne lærer ein ved å vere ute i feltet og jobbe med ekte pasientar. Regelverket må vere lagt opp sånn at lærlingane og studentane får tilstrekkeleg praksis til å kunne tileigne seg den kompetansen dei treng for å kunne verte gode fagpersonar, seier Rønning.

Forslaget endrar kravet til at minst ein person på bilen må ha kompetansebevis for utrykkingskøyretøy, medan den andre minst må ha førarkort for køyretøyklassen. I tillegg opnar ein opp for at verksemdsleiaren, etter ei konkret vurdering i kvart høve, kan gi dispensasjon frå kravet om autorisasjon eller lisens. Fagforbundet er nøgd med denne løysinga.

– Målet har heile tida vore å sikre kvaliteten i tenestene, samstundes som ein sikrar gode og relevante lærling- og studielaup. Vi meiner forslaget sikrar dette.

Skeptisk til opning for vikarar

Fagforbundet er skeptisk til at forslaget, i tillegg til dei heilt naudsynte endringane for lærlingar og studentar, opnar opp for meir utstrekt bruk av vikarar utan helsefagleg kompetanse.

– Vi kan forstå at det er utfordringar med bemanning enkelte stader, men eg trur ikkje at dette er den beste måten å løyse det på. Det viktigaste er heile og faste stillingar, og nok lærling- og studieplassar, seier Rønning.

Om forslaget vart vedteke sånn det ligg no vil det leggje eit stort ansvar på verksemdsleiaren, som er den som er ansvarleg for å sikre at vikaren har naudsynt helsefagleg og ambulansefagleg kompetanse.

– Det kan ikkje vere sånn at ein overlét opplæringa til ambulansearbeidaren eller paramedisinaren ein er på vakt med. Kompetansen må på plass før fyrste utrykking, presiserer Rønning.

Helsedirektoratet seier sjølv at det bør utarbeidast ein nasjonal rettleiar for vikarar i ambulansetenesta. Fagforbundet meiner dette arbeidet må i gang så snart som mogleg, og forventar at det vert eit partsamansett arbeid kor me får bidra.

Du kan lese heile høyringsfråsegna til Fagforbundet på regjeringen.no.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?