Til hovedinnhold

Lokale forhandlingar

Informasjon om lokale forhandlingar, kap.4, 2021.

11.08.2021 av Inge Skrede
Sist oppdatert: 11.08.2021

I årets sentrale lønsoppgjer vart det sett av 1,0 % av lønsmassen til lokale forhandlingar i 2021.

Fagforbundet sin generelle lønspolitikk byggjer i hovudsak på at dei store gruppene skal ha rimeleg lønsutvikling, dvs oppgjera har ofte låglønsprofil. I tillegg har kompetanse og harmonisering med «like» grupper og at alle skal ha rimeleg lønsutvikling vore viktige element.

Retting av individuelle skeivheiter vil og vera viktige moment i årets forhandlingar.

Frist for levering av kravskjema til Fagforbundet Voss, er 31. august.

Skjema kan sendast til fagforbundet.voss@voss.herad.no, eller leverast i luka i døra på kontoret, Uttrågata 23b.

Kravskjema og frist for kap.3 & 5 vil koma seinare.

Følg med på ytterligare informasjon på sms/e-post.

 

 

 

Relaterte dokumenter:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?