Til hovedinnhold

Ny leiar i Fagforbundet Helse Førde

På årsmøtet 28.02 vart Sølvi Anne Birkeland valt til ny leiar i Fagforbundet Helse Førde. Sølvi Anne er hjelpepleiar, og jobbar på ØNH, og er i tillegg hovudverneombod for kirurgisk klinikk. På dagtid er såleis Sølvi Anne fullt opptatt, og leiarvervet vil for det meste bli utført på ettermiddag/kveldstid, eller dei dagane fagforeininga kan kjøpe ho fri frå arbeidsgjevar. Sølvi Anne tek over leiarvervet etter Mariann Hundsnes som har vore leiar sidan mai 2014, Mariann held fram som tillitsvald i psykiatrisk klinikk og matforsyning. Det har også vore fleire andre utskiftingar i styret i Fagforbundet Helse Førde, så det nye styret vil vere ein fin blanding av gamle travarar og nye kostar! For full oversikt kan de sjå i protokollen frå årsmøtet, som ligg under. Vi ynskjer alle lukke til med arbeidet i året som kjem!

04.02.2021
Sist oppdatert: 04.02.2021

protokoll

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?