Til hovedinnhold

Fagforbundet Gloppen ynskjer alle våre medlemmer ei fin hausttid.

18.10.2019
Sist oppdatert: 18.10.2019

 

Vegen eg ikkje tok

To vegar skildest i haustgul lund, og ein mann kan ikkje fara to, så eg fylgde den eine med augo ein stund og lenge såg mellom tre og runn til han løynde seg bort på den tette mo, og tok så den andre, kor det no var, men det var vel den som eg lika best fordi han var grasgrodd og utrødd og rar, endå båe synte no fotefar om kanskje den fyrste var sliten mest, og båe låg der i morgon-ro med haustlauv som ingen klistra i leir. Å, eg rekna med båe ein dag eller to! Men eg visste kor greinut vegar må gro, så eg tvila på om vi møttest meir. Eg skal tala om dette gamal og grå, ein gong og ein stad langt frå her: det var vegar i skogen eg kunne gå, og eg valde den som var tråkka av få, og all ting valde eg då og der.

(Robert Frost, oversatt av Sigmund Skard)

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?