Til hovedinnhold

Presentasjon av våre plasstillitsvalgte

Liv Ingunn Holvik Tillitsvald for våre medlemmar på Firda VGS.

04.02.2020
Sist oppdatert: 14.04.2021

Navn: Liv Ingunn Holvik

Tillitsvald sidan: Det er så lenge sidan at eg kan ikkje hugse det.

Fortell litt om deg sjølv: Eg er 60 år, gift og har tre born og tre borneborn. Eg har arbeida som miljøkoordinator på Firda VGS sidan 2002. Hobbyar er turar, sy-relaterte ting som quilting, lappeteknikk, syr tepper, toalettvesker og vesker.

Kvifor vart du tillitsvald: Det var ingen andre som ville ta på seg vervet.

Kva opptek deg som tillitsvald: At ein skal ha ein god og trygg arbeidsstad, med godt arbeidsmiljø.

Dersom du kunne forandre ein ting ved arbeidslivet i dag, kva ville det ha vore: Dersom ein ynskjer full stilling bør ein få det. Det er alt for mange av våre medlemmer som må gå i ei deltidstilling og som tapar på det, medan arbeidsgjevaren vinn på det.

Kva er den viktigast lærdomen du har gjort deg som tillitsvald: Som tillitsvald på min arbeidsstad får eg god informasjon og held meg oppdatert på det som skjer på arbeidsstaden og på fylket.

Kva engasjerar deg, har du ei hjertesak: Å arbeide med ungdom, som er framtida vår.

Kven ser du opp til: Kvardagsheltane. Dei som arbeider dugnad både innan idrett, musikk, m.m Dugnadsgjengen i Trivselskogen.

Kven fortener etter di meining og setje seg på ein kaktus: Involverte i Nav skandalen, eller eigentleg ynskjer eg ikkje nokon så illt.

Kva er draumen din: At arbeidsstaden min skal bestå også etter samanslåing til Vestland Fylkeskommune. Firda er viktig for bygda. Elles at familien får vere friske og ved god helse.

Tusen takk Liv Ingunn, for den innsatsen du legg ned for våre medlemmar, det set vi stor pris på.

 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?