Til hovedinnhold

Når tida ikkje strekk til

Eg lurer på korleis kan ein forsvare at eit menneske skal døy åleine, fordi ein ikkje har nok ressursar til å sitje inne og passe på og sjå om dei, spør Helene Skår, i denne vekas hjartesak.

17.12.2019
Sist oppdatert: 11.05.2020

Hei, eg heiter Helene og er 19 år. Eg har siste året mitt som lærling innanfor helsearbeidarfaget i Stryn kommune.

Bemanning innanfor helsesektoren har vorte snakka om i alle år, men eg ante ikkje sjølv kor gale det faktisk var før eg byrja å jobba på omsorgssenter i fjor. Eg ser kollegaene mine som alltid er positive, og gjer ein fantastisk god jobb, men bak det ser ein at i kommunen er det sjukefråvær på heile 12% på omsorgssenteret i Stryn.

For nokre veker sidan var det ein brukar som sa til meg: “Personale her er alltid så smilande og hyggelege, men eg ser at dykk spring i korridoren, og så vidt har tid til å ta pause.”

Dette fekk meg til å tenke. Når ein brukar og ser dette, så er det jo ikkje fagleg forsvarleg å ha såpass låg bemanning? Dette går utover brukaren sitt behov, og ein ting eg lærte på skulen var at brukaren alltid skulle vere i fokus. I dette dømet er det slett ikkje eit tilfelle.

Når akkurat slike ting, spesielt fokus på grunnbemanning og sjukefråvær har vore oppe i kommunestyre i omlag heile Noreg, i avisene, blant politikarar, kvifor i alle dagar blir det ikkje gjort noko med det?

For eg skal fortelle deg noko.

Noko av det aller finaste med å kunne vere lærling innanfor helsesektoren er å sjå at det du gjer for ein brukar faktisk betyr noko. Det å kunne sjå ein brukar smile, le, bli betre og få ein relasjon. Det å sjå dei som har bygd opp landet før generasjonen min og høyre gamle historier frå deira tid. Eg lærer mykje, og brukarane lærer mykje når eg fortel om generasjonen min. Det må absolutt vere det aller finaste med helsesektoren.

Les også: Dagens bemanning gir ikke tid for de god samtalene og kjærligheten de eldre trenger

For eg lurer på korleis kan ein forsvare at eit menneske skal døy åleine, fordi ein ikkje har nok ressursar til å sitje inne å passe på og sjå om dei? Tenk deg den angsten og redselen ein har når livet går mot slutten, og du ikkje har ei einaste hand å halde i?

Korleis kan ein forsvare at eit morgonstell skal gå føre seg på 15 minutt? Du kan sjølv tenkje deg at du står opp om morgonen, gjerne trøytt og lei. Og så har du eit kvarter på å gå på toalettet, vaske deg frå topp til tå, ta på deg klede, fikse hår og hud, og pusse tenner. Ein har ikkje tid til å sjå brukaren som individ. Ein har ikkje tid til å spørje korleis brukaren har det.

Når eg går heim om kvelden, har eg dårleg samvittighet fordi eg ikkje hadde tid til å lytte til den eine brukaren som prøvde å sei at ting ikkje var så greitt, brukaren som har smerter som gjer at dagane er utholdeleg eller brukaren som ville ha ei hand å halde i, fordi brukaren er redd. Den samvittigheten går eg med heim, kvar dag! Det er ikkje rett.

Pleiarane spring snarare og snarare, og verre blir det blir med åra som kjem om det ikkje blir endring innenfor grunnbemanninga i kommunen.

Difor har eg store forventningar til det nye kommunestyret i Stryn. No håpar eg at det kjem nye, kreative folkevalte som vågar å prøve noko nytt. Fungerar ikkje den eine tingen, ja då prøvar ein vidare på neste ting for å løyse dette problemet. Ein må våge å prøve noko utanfor boksen, skal ein løyse denne problemstillinga. Ein må gjere det å arbeide innenfor eldreomsorg attraktivt!

Dette handlar om besteforeldre, foreldre, søsken, vennar, deg sjølv og meg si framtid, om korleis vi vil ha det når vi vert gamle.

 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?