Til hovedinnhold

Regionreform utan klare mål og oppgåver

Fagforbundet fryktar at regionreforma, som vil gje store endringer i organiseringa av samfunnet, vert tvinga gjennom for fort og utan ein god prosess på førehand.

23.09.2016 av Fråsegn frå landsstyret i Fagforbundet 22. september 2016
Sist oppdatert: 23.09.2016

Regionreform utan klare mål og oppgåver

Alle fylkeskommunane, med unntak av Oslo, er i gang med å ta nabopraten - det vil seia diskutera å slå seg saman til større regionar. Fylka har fått oppdraget frå regjeringa, og Fagforbundet meiner at framgangsmåten liknar den ein har nytta i arbeidet med kommunereforma: Ein ber fylkeskommunane om å slå seg saman med naboane utan å gje dei klare svar på kva oppgåver dei framtidige regionane skal ha. Fagforbundet fryktar at regionreforma, som vil gje store endringer i organiseringa av samfunnet, vert tvinga gjennom for fort og utan ein god prosess på førehand.

Regjeringa si regionreform er basert på Stortingsmelding 22: Nye folkevalgte regioner – Rolle, struktur og oppgaver, som vart lagt fram for Stortinget i april i år. I meldinga foreslår regjeringa ti regionar. Meldinga er eit dårleg grunnlag for å starta ei så stor omstrukturering som det regionreforma er, og gjev fylkeskommunane få klare svar på kva dei skal driva med i framtida. Deira viktigaste oppgåve vil vera å driva samfunnsutvikling, utan at det er spesifisert kva regjeringa legg i dette omgrepet. Fagforbundet undrar seg over kva formålet med store regionar er då? Frustrasjon over dette kom tydeleg til uttrykk blant fleire fylkesordførarar då Stortinget sin kommunal- og forvaltingskomité arrangerte open høyring om meldinga før sommaren.

Eit anna forhold ved reforma som gjev mykje usikkerheit, er at ein ikkje får vita om oppgåvene som er foreslått overførte til nye regionar, faktisk vert overførte før våren 2017, samstundes som den nye regionstrukturen skal leggast fram. Fagforbundet meiner det er udemokratisk å gje dei folkevalde fylkeskommunane i oppgåve å verta større utan grunngjeving for kvifor det er naudsynt, eller kva funksjon dei nye regionane skal ha i framtida. Fagforbundet meiner at store omstruktureringar må vera baserte på faktiske problemstillingar, og med eit klart mål om kva utfordringar og problem dei skal løysa.

Fagforbundet er ikkje imot at fylkeskommunar som ønsker det, slår seg saman. Basert på demokratiske avgjersler, og i samråd med dei tilsette og deira organisasjonar, er dette sjølvsagt opp til det enkelte fylket. Ei vurdering av større regionar må sjåast i lys av både kommunestruktur og oppgåvefordeling, og vera eit ledd i demokratiseringa av den regionale statlege forvaltninga. Ei overføring av oppgåver frå andre statlege etatar til eit nytt større regionalt nivå kan gje regjeringa sitt ønske om store regionar den legitimitet som er naudsynt.

Skal nye, større regionar verta berekraftige institusjonar med legitimitet i folket, må dei ha ansvaret for store og viktige oppgåver som kryssar kommunegrenser. Fagforbundet meiner difor at òg spesialisthelsetenesta må løftast inn i debatten om regionreforma. Det same gjeld det statlege barnevernet.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?