Streikestøtte frå heile Europa

Fleire hundre fagforeiningsfolk frå heile Europa viser solidaritet med medlemmene til Fagforbundet som streikar. (Foto: Kjell-Erik Kallset)

Dei som streikar ved norske sjukehus får støtte frå fagrørsla i heile Europa. 

04.06.2019 av Kjell-Erik Kallset
Sist oppdatert: 06.06.2019

– Vi støttar kollegaene våre i Norge som driv ein rettferdig streik. Vi håpar dei vinn fram! sa generalsekretær Jan Willem Goudriaan ved opninga av kongressen til EPSU (European public service union) i Dublin. Kongressen samlar fagforeiningsleiarar frå heile Europa med åtte millionar medlemmer i ryggen, hovudsakleg tilsette i stat og kommune.


Kjell Erik Kallset

Generalsekretæren fortalde kongressen om at Fagforbundet og fleire andre forbund no streikar for at deltidstilsette ved sjukehusa skal få pensjon.

Han meiner det er urettferdig at dei med små stillingar og låge inntekter ikkje får pensjonsrettar.

Ved opninga av kongressen reiste dei meir enn 800 deltakarane seg, mens alle heldt oppe ark med ordet "solidaritet". - Eg er veldig glad for den varme og sterke støtta vi får frå den internasjonale fagrørsla, seier Mette Nord.

"Fighting for å future for all", er slagordet til EPSU-kongressen.

– 
Dette betyr også kamp for pensjon til alle, både i Norge og andre land. Den kampen våre medlemmer no fører ved sjukehusa, er viktig også for arbeidsfolk i resten av Europa, seier Mette Nord.

 

 

 

;