Til hovedinnhold

Vellukka fagseminar for portørar

Nettverksgruppa for portørar i Fagforbundet, Delta og Spekter. Fv Leif Moen (Delta), Lasse Haugland (Fagforbundet), Hans Kottum (Fagforbundet), Jan Åge Moen (Spekter).

Nettverksgruppa for portørar i Fagforbundet, Delta og Spekter. Fv Leif Moen (Delta), Lasse Haugland (Fagforbundet), Hans Kottum (Fagforbundet), Jan Åge Moen (Spekter). (Foto: Fagforbundet)

8. mai arrangerte Fagforbundet, Delta og Spekter eit nytt seminar for portørar.

14.05.2018 av Informasjonsavdelingen
Sist oppdatert: 14.05.2018

Siste gong var i januar 2016 og formålet er særleg å følgje med korleis faget utviklar seg etter at det blei innført fagbrev i 2015.

Forsamlinga fekk høyre om kva det å bli faglært har betydd for dei som har arbeidd lengje i faget og frå lærlingar som står midt i ein hektisk arbeidskvardag. Alle la vekt på at kunnskap gjer deg tryggare i rolla som profesjonell yrkesutøvar og meir i stand til å ta eigne avgjerder - i samhandling med andre.

Innleiarar frå Danmark kunne fortelje korleis portørane der deltek i ei rekkje oppgåver og prosessar på sjukehuset og korleis dei særleg nyttar portørane sin spesialkompetanse på forflytning av pasientar. I Danmark er det inga eiga portørutdanning så på det området ligg Norge i forkant. Det er eit press på å omgjere portørstillingar til serviceassistentar, noko portørane sjølvsagt ikkje ønskjer.

Saken fortsetter under bildet


Fagforbundet

Hans Kottum, leiar for portørtenesta ved St Olavs hospital i Trondheim, fortalde om prosjektet der portørtenesta transporterer pasientar til og frå sjukehus og sjukeheim. Dette er pasientar som ikkje er så dårlege at dei treng ambulanse, men som heller ikkje kan nytte vanleg transport. Dette er ei teneste som kommunene set stor pris på!

I Fagforbundet er det ei eiga faggruppe for portørar og desse er ambisiøse på faget og yrkesgruppa sine vegne: Lasse Haugland, leiar for gruppa, meiner ein må sjå på nye område der kompetansen til portørane kan vere med å fylle eit behov, ikkje minst i kommunane.


Om portørfaget

  • Portørfaget blei etablert i 2015.
  • Faget ligg i utdanningsprogram for helse- og oppvekstfag og rekrutterer frå Vg2 helsearbeiderfag, ambulansefag og helseservice.
  • 74 personer har oppnådd fagbrev sidan oppstart, dei fleste som praksiskandidat Til saman 24 har vore eller er lærlingar i faget til no.
;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?