Fagforbundet.no

Dine sider
A A A Presse Om Fagforbundet

General Union of Palestian Woman sitt arbeid i Libanon

Under Fagforbundet si ambassadørreise til Libanon i oktober var eg så heldig at eg fekk vere med på eit møte med to flotte damene Amneh Kamel Suleiman og Rama Suleiman Sadderha som jobbar for General Union of Palestinian Woman (GUPW).

Fagforbundet hjelper deg Bli medlem i Fagforbundet!

Fagforbundet støtter Kvinner Kan-kurs i de palestinske flyktningleirene i Libanon gjennom Norsk Folkehjelp, og GUPW er en av kvinneorganisasjonene som arrangerer kursene.

Organisasjonen vart etablert i 1965 i Jerusalem som en part i PLO med det mål å skape ei aktiv rolle for kvinner med størst fokus på kvinners sosiale, økonomiske og politiske deltaking i dei palestinske områda. GUPW starta sitt arbeid i flyktningleirane i Libanon i 1972 og har i dag 35 kvinner som jobbar ut mot dei 12 flyktningleirane vi finn i Libanon i dag. GUPW jobbar tett saman med mange organisasjonar,  blant anna Norsk Folkehjelp og FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktninger, UNRWA.

GUPW er ein organisasjon som gjer eit fantastisk arbeid ut mot kvinner og barn, men dei ønskjer også  å trekke fleire menn inn i arbeidet sitt.  Dei ser på menn si deltaking og forståing som ein god nøkkel for at skal dei lykkast i sitt arbeid med å styrke kvinners rettar over eige liv og deltaking i samfunnet.  

Rania Suleiman Sadderha som er psykoterapeut, konsulent og life skills trainer hadde fleire sterke og gode historiar der ho over fleire år har hjelpt familiar gjennom sitt arbeid til få dei til  å forstå at kommunikasjon er den viktigaste plassen å starte. Kan en ikkje kommunisere og ha ei felles oppfatting om at likeverd i ein familie vil skape den beste familien, og utvikle det beste i alle partar så vert det vanskelig å få til endringar som styrkar kvinner sine rettar.

Desse to sterke og stolte damene hadde som alle andre vi møtte Libanon ei bøn om at verdens samfunnet må no bidra til å hjelpe dei palestinske flyktningane ut av den undertrykking, frykt og fattigdom dei kvar dag står overfor. Eg  håpar på det sterkaste att verda snart må få slutt på all krig, undertrykking og fattigdom som rår, og ynskjer alle palestinske kvinner, barn og menn ei betre framtid.