Til hovedinnhold

Fagforbundet Ung krev fleire læreplassar

TA ANSVAR: Vi krev at politikarane no tar ansvar for framtidas fagarbeiderar, skriv ledarane av Fagforbundet ungdomsutval på vestlandet. Fra venstre: Reidar Fugle Nordhaug, Sogn og Fjordane, Jeanette Lea Romslo, Rogaland, og Katrine Froestad, Hordaland.

TA ANSVAR: Vi krev at politikarane no tar ansvar for framtidas fagarbeiderar, skriv ledarane av Fagforbundet ungdomsutval på vestlandet. Fra venstre: Reidar Fugle Nordhaug, Sogn og Fjordane, Jeanette Lea Romslo, Rogaland, og Katrine Froestad, Hordaland. (Foto: Privat)

2018 er Yrkesfagas år, og Noreg manglar fleire tusen gode fagarbeiderar. Pengane har me, ta grep no!

22.05.2018 av Katrine Froestad, Reidar Fugle Nordhaug og Jeanette Romslo
Sist oppdatert: 26.10.2021

Yrkesfagas år er ein haldnings- og omdømmekampanje. Eit av måla er å auke unge si interesse for yrkesfaga, spesielt blant ungdomsskulelevane. For å få til dette må det til ei holdningsendring i samfunnet. Foreldre, lærarar og rådgjevarar på skular i heile landet ser på yrkesfag som eit B-alternativ til dei elevane som gir uttrykk for å vera skuleleie, eller som ikkje har så godt karaktersnitt. Er det då rart at fråfallsprosenten er så høg på vidaregåande skule?

I 2017 sto 9000 norske elevar utan læreplass etter endt skulegang. 9000 elevar som har blitt fortalt at Noreg treng fagarbeiderar. 9000 elevar som ikkje får fullført utdanninga si. Dette er også 9000 elevar som treng at samfunnet tar eit felles ansvar for å skaffe fleire læreplassar og dermed sikre både deira og samfunnets framtid.

Noreg treng gode fagarbeiderar. Fagarbeidaren er sjølve byggesteinen i det norske samfunnet. Fagforbundet Ung krev no handling! Vi krev at politikarane no tar ansvar for framtidas fagarbeiderar og går i front for å faktisk skaffe alle elevar retten til læreplass.

Pengane har me, ta grep no!

 

Med kameratsleg helsing ledarane i Fagforbundet Ung Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland
Katrine Froestad, Reidar Fugle Nordhaug og Jeanette Romslo

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?